Tor Atle Gundersen's radiosamling på Fykse



Tor Atle Gundersen har en fantastisk fin samling på ca. 630 radioer.
Han er medlem av NRHF.

Eg begynte å samla radioar i 1996, Den første radioen var eitt prior cremona salong, fekk snart to prior bord radioar frå eit loft på ein gard i granvin der eg var avløysar. So balla det fort på seg. I dag består sammlingen av ca 630 radioar og litt anart.





NY VIDEO !!!





Tor Atle Gundersen, Foto: Ivar Nistad





Tor Atle Gundersen viser frem samlingen til journalist Tone Mannsåker. Foto: Ivar Nistad.





Foto: Ivar Nistad.





Flott radio rett fra esken. Foto: Ivar Nistad.




Tor Atle Gundersen viser frem en fin radio. Foto: Ivar Nistad.


Artikkel i påskeutgåva av Radio Folgefonn si marknadsavis
”Mellom fjord og fjell” av Tone Mannsåker.


Radioentusiast på sin hals


På Fykse i Kvam, bur ein mann som er meir enn gjennomsnittleg oppteken av radio. Ikkje først og fremst som lyttar , men som samlar av radioapparat – helst gamle, sjeldne , eller spesielle, men sjølvsagt helst - alt dette i ein pakke.
Pangstart
Tor Atle Gundersen har samla på radioar i 16 år og i dag har han mei r enn seks hundre radioar i eit utall storleikar, fasongar, fargar, prisklassar, årgangar og merke. Etter det han fortel , starta radiointeressa hans før det første kjøpet vart gjort, men han mangla kunnskap og nettverk for å komma i gong. – Men så, seier Tor Atle, - så var eg innom Fretex i Åsane og der stod eit Prior Radiokabinett, dermed var eg i gong.
Fryd for auga
Dei av oss som hugsar dei gamle radioane, veit at dei var like mykje til pryd som til lyd, for dei var gjerne laga av mahogny, teak eller flammebjørk, og så kunstferdig lakkerte at dei skein om kapp med sola. Tor Atle har mange slike, datert attende til midt på trettitalet og fram til moderne tid. Han har radioar som var tilpassa slunkne lommebøker og det han kallar skipsreiarmodellar , som til dømes radiokabinettet frå 1957 som har 12 snortrekk og 17 røyr og demonstrativt struttar av velstand.
Vil gjerne dela
Tor Atle har brukt mykje pengar og energi på å skaffa seg eit utstillingslokale for radioane sine, og han vil gjerne at interesserte skal få sjå og høyra dei. Då han bygde seg ny garasje i det stupbratte lendet over Fyksesundet , grov han ut grunnen under garasjen og fekk på plass eit 40 kvadratmeter stort lokale der han i dag har dei vel seks hundre radioane sine på utstilling. Kor mange produsentar og land som er representerte, har han ikkje oversikt over, men han har radioar som er produserte i USA, England, Tyskland, Danmark, Sverige og Noreg med meir.
Overveldande synsinntrykk
Når ein stig over terskelen og inn i radioverda til Tor Atle Gundersen, tek det pusten frå ein radioarbeidar. Ein ser rett inn i meter på meter med Kurérar i alle fargar og årgangar, med Radionette, Sølvsuper , Tandberg, Philips, men og merke ein aldri har høyrt om - som Folkemottakaren, Svalbard, Tessla . Overalt blenker det i blankpolerte overflatar og i eit hjørne står den klassiske forsterkaren Tandberg Huldra 10 og formidlar lyd.
Norsk radiohistorie
Tor Atle fortel at det dukka opp mange norske radioprodusentar etter 2. verdskrigen, ein epoke då heile landet hungra etter radio som fylgje av forbodet under krigen. Og då FM bandet vart innført på 50 – talet, vart det ny fart i produksjonen, men utpå 70 – talet måtte den norske radioindustrien gje tapt for utlandet som var mykje tidlegare ute med ny teknologi og design. At norske produsentar og etterlikna kvarandre, er tydeleg å sjå i hyllene til Tor Atle. - Hjå meg kan de sjå til dømes den populære Kuréren som var norskprodusert, men eg har og nesten like radioar frå norske konkurrentar som ynskte å flyta på populariteten til Kuréren.
Strykebrettet
Fleire av radioane som er utstilte hjå Tor Atle, gir assosiasjonar til britiske krigs- og etterkrigsseriar på fjernsyn, mellom anna det han kallar Strykebrettet. – Den er ein Philips frå tidle g trettital og vert rekna som sjølve urradioen, fortel han. – Det er den første radioen som hadde både høytalar og skala i samme kassen., namnet har den fordi designet liknar den spisse enden av eit strykebrett. Til det er det å legga til at denne radioen saman med fleire andre frå samme periode, har vakker utsmykking og delikat design.


Denne teksten kan på ingen måte gje det fulle og heile inntrykket av den radioskatten som befinn seg på Fykse. Der fins ein radio som skal vera den einaste av sitt slag, der fins heimelaga radioar, der fins radioar som er avvikande i høve til alle ”systrene” sine, der fins vintage, plast og det mest hypermoderne innan faget. Då er det godt at Tor Atle opnar dørene for interesserte. – Det er berre å ringa meg og gjera ein avtale, seier han. Og innganspengar fnyser han av. – Eg meiner det er viktig å fortelja radioen si historie og deler gjerne med andre.
Fortid og framtid hand i hand
Utstillinga på Fykse, er inga statisk utstilling. – Eg kjøper stadig nytt, byter med andre eller gir vekk, seier han. – Og eg skulle gjerne hatt 4000 kvadratmeter å stilla ut på, men eg er likevel heldig som har klart å få til ei utstilling. Dét er det ikkje alle som har, avsluttar mannen som har lagt inn 1.5 millionar kroner og ein ikkje nærare definert eigeninnsats for å kunna visa fram hobbyen sin til verda. At han og samlar på gamle Donaldblade får me ta ein annan gong.
PS. Radiokabinettet som utløyste samlaren i Tor Atle Gundersen, er ikkje å sjå på utstillinga. Det står i familien si stove, saman med motpolen sin; eit lydanlegg som sparkar så sterkt i frå seg at det kjennest som om trommehinnenne vert pressa til å møtast midt inne i skallen ein stad!


KONTAKTINFO:



TELEFON: 4119 4594, 5655 7802


65

66

67

68

69

70

71

72

73

74

75

76

77

78

79

81

82

83

85

86

87

88

89

90

91

92

93

94

95

96

97

98

99

00

01

02

03

04

05

06


Flag Counter
BACK